Bestillingstransport blir avvikla

Bestillingstransport blir avvikla frå 1. juni 2024.

Fylkestinget behandla i møte 23. april 2024 budsjettet for fylkeskommunen for 2024. 

Grunna fylkeskommunen sin økonomiske situasjon inneheldt budsjettforslaget ulike innsparingsforslag. Eit av forslaga var å kutte ut all bestillingstransport, då bestillingstransport ikkje er ei lovpålagt oppgåve. 

Forslaget om å kutte all bestillingstransport vart vedteke, og som følgje av dette blir all bestillingstransport avvikla frå 1. juni 2024.

Les meir på Fram sine heimesider