Visste du at 21- og 22-åringer får halv pris på offentlig tannbehandling?

Fra 1. januar 2022 er det offentlige tannhelsetilbudet utvidet til også å gjelde 21- og 22-åringer.

Tannlegen i Aure har kapasitet til å behandle alle i denne aldersgruppa. Om du ikke har fått innkalling, kan du bestille time selv.

Er du 21 eller 22 år kan du no få tannbehandling til 50 % rabatt hos den offentlege tannhelsetenesta. Tilbodet gjeld for dei som bur eller som oppheld seg i Møre og Romsdal fylkeskommune og gjeld ut året pasienten fyller 22 år.

- Vi er glade for å kunne tilby denne gruppa eit rabattert tannhelsetilbod, seier fylkestannlege Anthony Valen. – Mange i denne aldersgruppa droppar å gå til tannlege mellom anna for å spare penger, det kan fort bli både dyrt og ei dårleg uvane. - Det er viktig å gå regelmessig til tannlegen, også etter man har fylt 18 år, avsluttar Valen

Har du allereie fått tannbehandling på offentleg tannklinikk tidlegare i år? Då vil du få refundert 50 % av behandlingsutgiftene. Ta kontakt med tannklinikken der du fekk behandling, så ordnar klinikken resten.

Frå mars 2022 vil rabatten automatisk vere trekt  frå når du betaler. 

Dersom du har vore hos privat tannlege i januar, februar og mars 2022, kan du få refundert 50 % av behandlingsutgiftene.

  • Du må sende kvittering til:
    • Fylkestannlegen i Møre og Romsdal fylkeskommune
    •  fakturamottak,
    • postboks 2501, 6404 Molde
    • Hugs å oppgi namn, adresse og kontonummer (11 siffer)

Treng du tannbehandling og den offentlege tannklinikken ikkje kan gi deg time innan tre månader, kan du ta kontakt med privat tannlege og få refundert 50 % av behandlingsutgiftene ved å sende kvittering til adressa oppgitt over. 

Meir informasjon finn du på tannhelse sine sider

(Møre og Romsdal fylkeskommune)

 

Kontaktinformasjon Aure tannklinikk

Distriktstannklinikken Aure
Besøksadresse: Aurdalsvegen 7, 6690 Aure
Postadresse: Postboks 53, 6689 Aure
Tlf.: 71 28 45 35
E-post: tkaure@mrfylke.no

Tannlege Ingrid Volden Weie
Besøksadresse: Aurdalsvegen 7, 6690 Aure
Postadresse: Postboks 55, 6689 Aure
Tlf.: 461 12 041

Telefontid: 08.00-15.30