Stolt på jobb for Aure kommune - Aure kommune

Stolt på jobb for Aure kommune

Så har vi kome til mai, og månadens «stolt på jobb» er Mari Vaag, som arbeider som adjunkt ved Aure barne- og ungdomsskule. Les historia til Mari om kvifor ho trivst så godt på jobb og i Aure!

Mari Vaag er adjunkt på Aure barne- og ungdomsskole. - Klikk for stort bildeMari Vaag er adjunkt på Aure barne- og ungdomsskole.

Kva er bra med å jobbe på din arbeidsplass?

Å jobbe i skulen medfører veldig varierte arbeidsdagar, med mange gode «stjernestunder» som vi kallar det, men også mange utfordringar. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det har skjedd og framleis skjer store endringar i samfunnet vårt. Det påverkar både skulen og elevane, og det kan vere krevande. Det som er så fint med kollegiet på Abus, er at vi er flinke til å bruke kvar enkelt sine sterke sider, og slik utfyller kvarandre når vi løyser oppgåvene vi står ovanfor. 

Særleg vil eg trekke fram arbeidsmiljøet på mitt eige hovudtrinn; mellomtrinnet. Eg er veldig glad for å jobbe saman med ein gjeng som på tvers av klassetrinn er så opne, støttande og motiverande ovanfor kvarandre. Vi deler gode idéar og opplegg, rådfører oss med kvarandre når vi står fast, deler både gleder og vanskelege stunder, og ikkje minst er det masse humor!

 

Kva er bra med å bu i Aure?

Eg synest det ligg stor verdi i det å bu i ein kommune med gardar, jordbruk, fiske og jakt. Her får ungar erfare kvar maten vår kjem frå, og at det ikkje kjem av seg sjølv. Dei får kjennskap til korleis årstider, vêret og naturen legg føringar for oss på mange vis. Både ungar og vaksne har større tilgang på fri natur og høve til å vere heilt åleine om ein ønsker det. Det trur eg blir meir og meir viktig for oss framover, når heile verda av menneske og informasjon er så konstant nær oss gjennom alt det digitale. Og så opplever eg at distriktsfolk generelt har føtene godt planta på jorda (både fysisk og mentalt), og det er ein eigenskap eg set stor pris på. 

 

Kva er din favorittstad i Aure?

Kanskje ikkje overraskande: Det må bli Våg! Her er eg oppvaksen, og var så heldig å kunne byggje meg hus her i 2020. Det er veldig fint å kunne gå på Bergsfjellet eller til Osbakken utan å måtte køyre nokon stad, det er kort veg til sentrum og vi har både slekt og vener i gangavstand. Og så er det fascinerande å kunne sitje i sofaen og sjå på vêret når det kjem rullande inn frå havet, og ikkje minst dei finaste solnedgangane. Vi er heldige, vi Vågsfolk! 

 

Kven vil du gje ei verbal rose til?

Den vil eg gje til alle som jobbar med og for barn og unge i Aure, uavhengig av om det er lønna eller frivillig. Det er ei så viktig oppgåve, og har så stor betyding for både det enkelte barnet, føresette og heile samfunnet vårt. 

 

Stolt på jobb for Aure kommune logo.png - Klikk for stort bilde