Nordlandet skole

Nordlandet skole ligg, som namnet seier, lengst nord i Aure kommune. Skolen er ein 1-4-skole. Equinor sitt anlegg på Tjeldbergodden og fleire bedrifter innan havbruk ligg like i nærheiten. 

Om skolen

Vi har Nordlandet barnehage som næraste nabo. Skole og barnehage har eit godt og tett samarbeid. Dette gir ungane ein god og trygg overgang frå barnehage til skole og eit større pedagogisk miljø for alle. Skole og barnehage har fleire fellesarrangement i løpet av året.

Nordlandet skole har i dag 25 elevar. Vi har åtte tilsette, for tida fem heilstillingar og tre delstillingar, der assistentane våre jobbar både i skole og SFO. Nesten alle elevane våre er på SFO. Elevtalet har stige jamt og trutt, og ser no ut til å vere ganske stabilt dei næraste åra.

Vi har eit fint uteområde med kort veg til lysløype og til gapahuken, som vart sett opp på foreldredugnad for nokre år sidan. Ballbingen vår vil stå ferdig i løpet av oktober 2018. Vi er også så heldige å ha Nordlandet idrettshall rett utanfor skoleplassen vår. Her har vi kroppsøving når vi ikkje er ute, og trening for tilsette i skole og barnehage.
 

Ansatte ved skolen

Oversikt ansatte ved Nordlandet skole

 

Skolefritidsordning og leksehjelp

  • Skolen har ei skolefritidsordning (SFO) som opnar klokka 06.45 på morgonen. På ettermiddagen stenger SFO klokka 16.30.
  • Leksehjelptilbod

Skolen har leksehjelptilbod på måndagar og onsdagar.

Kontaktinformasjon

Gunn Sjøli Dromnes
Rektor Nordlandet skole
E-post
Telefon 71 64 76 75

Åpningstider

Mandag - fredag:

08:00 - 15:15 (15.april-14.oktober)
08:00 - 15:45 (15. oktober - 14. april)

Adresse

Aure kommune
Postboks 33
6689 Aure