Aure barne- og ungdomsskole

Aure barne- og ungdomsskole (ABUS) er ein 1 - 10 skole med ca 250 elevar; 150 elevar på barnetrinnet og ca 100 elevar på ungdomstrinnet.

Om skolen

Målforma ved skolen er nynorsk.

ABUS ligg i kommunesenteret i Aure kommune og skolekretsen er store delar av den gamle Aure kommune.

Abus har fleire bygg med ulik alder, men alle skolebygga er renovert og framstår som funksjonelle og gode undervisningslokale. Barneskolen og ungdomsskolen er lokalisert i to ulike avdelingar med felles kontoravdeling. 

Skolen er  bygd saman med Aure Arena (ferdig 2014) der skolen har undervisning i kultursal, idrettshall med klatrevegg, svømmebasseng og eit sentralbaneanlegg med internasjonale mål på friidrettsbane og kunstgrasbane for fotball.

Vi har eit fint og variert uteområde både på barneskolen og ungdomsskolen med kort veg til fine turområde like i nærleiken. Elevane våre får også nytte kunstgrasbanen i friminutta.

 

Ansatte 

Oversikt  ansatte ved Aure barne- og ungdomsskole

 

Satsingsområde, motto og aktiviteter

Abus har jobba med skolebasert kompetanseutvikling over fleire år. Vi har m.a. delteke på utdanningsdirektoratet sine satsingar: "Ungdomstrinn i Utvikling" og "Vurdering for Læring".

Skolens motto er TTT - Trivsel Tryggheit og Tilhørigheit. TTT er grunnleggande behov som må vere på plass for å kunne lære. Når ein trivest, er trygg og høyrer til på skolen så er grunnlaget for å nå kompetansemåla i faga lagt for å oppnå ei god fagleg og sosial utvikling. Skolen legg vekt på aktivitetar som gjer elevane sitt læringsmiljø godt.

Vi har fleire aktivitetsdagar på tvers av klassetrinna. Til dømes felles skogdagar, idrettsdagar og fleire kulturarrangement som elevar og lærarar produserer sjølv. Det er viktig å føle at ein går på samme skole og utvikle ein felles identitet.

 

Nytt på nett

9.trinnet ved ABUS har siden 2017 laget ei digital infoavis hvor kan du holde deg oppdatert med hva som skjer på skolen på Aure. Les Nytt på nett ABUS.

 

Skoletider ABUS

ABUS 1.-4.trinn 5.-7.trinn 8.-10.trinn
Måndag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35
Tysdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35
Onsdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35
Torsdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35
Fredag 8.55–13.25 8.55-13.25 8.55-14.35
timer á 45 minutt/veke 25 timer/veke 29 timer/veke 30 timer/veke

 

Skoleskyss

Det er to gangar med heimkjøyring kvar dag; Klokka 13.30 og klokka 14.40.

 

Skolefritidsordning, leksehjelp og minogrupper

  • Skolen har ei skolefritidsordning (SFO) for 1.- 4.kl som er open før og etter skoletid. 
  • Leksehjelptilbod 
  • Minogrupper: Abus har innføringsgrupper med intensiv norskopplæring for framandspråklege elevar. Her får dei ekstra norskopplæring i tillegg til at dei høyrer til i faste klassegrupper.

Kontaktinformasjon

Mille Aarvåg
Rektor Aure barne- og ungdomsskole
E-post
Telefon 71 64 74 81
Mobil 480 74 603

Åpningstider

Mandag - fredag:

08:00 - 15:15 (15.april-14.oktober)
08:00 - 15:45 (15. oktober - 14. april)

Adresse

Aure kommune
Postboks 33
6689 Aure