Aure barne- og ungdomsskoleAure barne- og ungdomsskole (ABUS) er ein 1 - 10 skole med ca 250 elevar; 150 elevar på barnetrinnet og ca 100 elevar på ungdomstrinnet. Om skolenMålforma ved skolen er nynorsk.ABUS ligg i kommunesenteret i Aure kommune og skolekretsen er store delar av den gamle Aure kommune.Abus har fleire bygg med ulik alder, men alle skolebygga er renovert og framstår som funksjonelle og gode undervisningslokale. Barneskolen og ungdomsskolen er lokalisert i to ulike avdelingar med felles kontoravdeling. Skolen er bygd saman med Aure Arena, der skolen har undervisning i kultursal, idrettshall med klatrevegg, svømmebasseng og eit sentralbaneanlegg med internasjonale mål på friidrettsbane og kunstgrasbane for fotball.Vi har eit fint og variert uteområde både på barneskolen og ungdomsskolen med kort veg til fine turområde like i nærleiken. Elevane våre får også nytte kunstgrasbanen i friminutta. Skoletider ABUSNB! Det blir endringar i skoletider og skoleskyssen frå skoleåret 2021/2022. Skoleskyss skoleåret 2021/2022 Skyssavdelingen i Møre og Romsdal fylke har kutta ned talet på heimkjøringar frå Abus frå 10 til 8 for skoleåret 21/22. Det vil si at vi må legge om undervisningstida for dei ulike trinna. Frå skoleåret 22/23 blir det berre 7 heimkjøringar om ikkje Aure kommune eller fylkeskommunen endrar vedtak. Vi ønsker å skjerme dei minste mest mulig for å unngå å få lange dagar. Derfor har vi etter vurdering bestemt at alle skal starte 8.50 (5 min tidlegare) og dei største får litt redusert pausetid i skoledagen. Dette gjer at vi oppfyller kravet til undervisningstid ut i frå utdanningsdirektoratet sine reglar. Skysstider skoleåret 2021/2022 Skysstider skoleåret 2021/2022 Trinn Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1.-4. 13.30 13.30 13.30 13.30 13.30 5.-7. 14.40 14.40 14.40 13.30 13.30 8.-10. 14.40 14.40 14.40 13.30 13.30 Undervisningstider skoleåret 2021/2022 Undervisningstider ABUS 2021/2022 Trinn Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1.-4. 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 5.-7. 08.50 – 14.35 08.50 – 14.35 08.50 – 14.35 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 8.-10. 08.50 – 14.35 08.50 – 14.35 08.50 – 14.35 8.50 – 13.25 8.50 – 13.25 SFO Frivillig tilbod for 1.-4.trinn: Søk plass innan 20.april for skoleåret 21/22. Skjema finn du på Skolefritidsordning (SFO) - Aure kommune Leksehjelp: 13.30 – 14.30 måndag og tysdag, gratis. SFO: opningstid 6.45 – 8.45 og 13.30 – 16.30 alle dagar, foreldrebetaling. Skoletider 2020/2021 Skoletider ABUS ABUS 1.-4.trinn 5.-7.trinn 8.-10.trinn Måndag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35 Tysdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35 Onsdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35 Torsdag 8.55–13.25 8.55-14.35 8.55-14.35 Fredag 8.55–13.25 8.55-13.25 8.55-14.35 timer á 45 minutt/veke 25 timer/veke 29 timer/veke 30 timer/veke SkoleskyssDet er to gangar med heimkjøyring kvar dag; Klokka 13.30 og klokka 14.40. Skolefritidsordning, leksehjelp og minogrupper Skolen har ei skolefritidsordning (SFO) for 1.- 4.kl som er open før og etter skoletid. Leksehjelptilbod Minogrupper: Abus har innføringsgrupper med intensiv norskopplæring for framandspråklege elevar. Her får dei ekstra norskopplæring i tillegg til at dei høyrer til i faste klassegrupper. Ansatte Oversikt ansatte ved Aure barne- og ungdomsskole Skoleavis Les siste utgave av skoleavisa vår ABUSavisa vår 2021 Satsingsområde, motto og aktiviteterAbus har jobba med skolebasert kompetanseutvikling over fleire år. Vi har m.a. delteke på utdanningsdirektoratet sine satsingar: "Ungdomstrinn i Utvikling" og "Vurdering for Læring".Skolens motto er TTT - Trivsel Tryggheit og Tilhørigheit. TTT er grunnleggande behov som må vere på plass for å kunne lære. Når ein trivest, er trygg og høyrer til på skolen så er grunnlaget for å nå kompetansemåla i faga lagt for å oppnå ei god fagleg og sosial utvikling. Skolen legg vekt på aktivitetar som gjer elevane sitt læringsmiljø godt.Vi har fleire aktivitetsdagar på tvers av klassetrinna. Til dømes felles skogdagar, idrettsdagar og fleire kulturarrangement som elevar og lærarar produserer sjølv. Det er viktig å føle at ein går på samme skole og utvikle ein felles identitet. Publisert av Unni Rolseth Sist endret 26.03.2021 10.05