Aure Frivilligsentral
Frivilligsentralen er ein lågterskel møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpe.
Vi er også eit kontaktpunkt mellom lag/organisasjonar og det offentlege.
Vi har både faste og enkeltståande oppgaver, og vi er alltid glad for fleire frivillige!
Oppgaver kan f. eks være: sjåfør på kommunal bil til eldre, ledsagaroppdrag, turvenn, besøksvenn, kaffikokar, praktisk hjelp til enkeltpersonar, og deltakar på ulike arrangement i regi av frivilligsentralen.
Som frivillig kan du både oppnå og utrette mykje positivt i kvardagen. Du kan få nye venner, og bli ein del av ett sosialt nettverk.
Har du ein idè du vil sette ut i livet, ta kontakt: kanskje kan vi bidra med noko.
Om du vil komme innom sentralen på ein kaffisup og høyre meir oss, er du hjertelig velkommen til det.
Åpningstid: Måndag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 12-16. Onsdagar er kontor/møtedag for dagleg leiar. Kvar tirsdag frå 16 -18 har vi «Tirsdagstreffen» i sentralen. Da held vi på med forskjellige sosiale aktivitetar som å spele kort eller andre spel, vi kan ta ein trall, eller berre prate saman og ha det sosialt og trivelig i lag. Åpent for alle som vil.
Stad: Aurdalsvegen 21, 6690 Aure (leilegheit oppom ABUS).
Kontakt: Aure Frivilligsentral v/ Inger Lise Midtsæter. Tlf.: 483 80 862.
E-post: post@aure.frivilligsentral.no.
Heimeside: aure.frivilligsentral.no.
Facebook: Aure frivilligsentral.
Demenskafe
Uhøgtideleg møtestad for personar med demens og deira pårørande.
Tid: Siste torsdag i månaden (unntatt i juni og juli) kl. 16-18.
Stad: Solbakken omsorgsbolig, Aure.
Kontakt: Aure Helselag
Torsdagskaffe
Kaffe på Aure omsorgsbolig.
Tid: 1., 3. og 4. torsdag i månaden kl. kl.16 – 18.
Stad: Aure omsorgsbolig.
Kontakt: Aure helselag.
NB! Avlyst inntil videre på grunn av koronarestriksjoner.