Skrivekurs med Svein Sæter

Biblioteket, torsdag 24. oktober kl. 18

 

 

Skrivelyst

Eller jakta på den gode historia, etter Marit Bjørgen-metoden

Svein Sæter var liten gut da han oppdaga at han lika å fortelje historier. I dag har han skrive 25 bøker og fem musikalar. Han vekslar mellom harde fakta og rein løgn. Slik er dette skrivekurset òg. «Skrivelyst» handlar om å vatne idear og dyrke interesser, ikkje om pensum og pugg.

Svein brukar eksempel frå sine eigne scenestykke og bøker, blant anna den rykande ferske «Krig. Mor. Bror». Undervegs viser han bilde frå ulike delar av både den litterære og verkelege verda. Eit godt, gammaldags gruppearbeid blir det også plass til.

 

Dette blir ei økt blott til skrivelyst. Forfattaren understrekar elles at favorittordet hans er aure.

 

Svein Sæter (f. 1960) voks opp på Sunndalsøra og bur i Stangvika. Tidlegare journalist i Driva og Dag og Tid. Forfattar og frilansar på heiltid sia 1997. Har kåsert over heile landet, mellom anna på meir enn 700 skular. Aktuell med ny bok i haust: «Krig. Mor. Bror» (Samlaget). Boka vil bli å få kjøpt denne kvelden.

 

 

Kurset er gratis og åpent for alle - VELKOMMEN!

 

Arrangør: Den kulturelle spaserstokken og biblioteket i Aure

Arrangementet støttes av Nasjonalbiblioteket og Møre og Romsdal fylkesbibliotek

Kontaktinformasjon

Marit Alsvik
Rådgiver landbruk/ Biblioteksjef
E-post
Telefon 71 64 74 77

Jobber på landbruk mandag og tirsdag. 

Åpningstider

Biblioteket Aure:

Tirsdager klokka 12.00 - 18.00

Torsdager klokka 10.00 - 20.00

Biblioteket Gullstein:

Onsdager klokka 12.00-19.00

Fredager klokka 9.00-15.00

Adresse

Aure kommune
Postboks 33
6689 Aure