Nattarbeid på Tømmervåg fergekai blir utsett

Arbeidet med peling (slå stålrøyr ned i sjøbotnen) for nye fenderpanel på Tømmervåg ferjekai skulle starta denne veka. Entreprenøren har dessverre ikkje fått på plass mannskap og utstyr til å gjere jobben som avtalt. 

Pelinga blir gjort på natta slik at ferjene kan gå etter normal rute.

 

Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Implenia på bygginga av kaiene. Implenia har jobba med å gjere avtale med ny underentreprenør på peling denne veka, men mannskap og utstyr vil først kunne vere på plass i Tømmervågen siste veka i januar.

 

Meir informasjon på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Ole Kristian Remkall, telefon 902 28 890

 

Klikk for stort bilde Ole Kristian Remkall