Utdeling av bøker til forskjellige alderstrinn i Aure og Stemshaug
I feb-mars blir det utdeling av ny-testamente til 5.-klassingar (frå 2008, årets 5.-klassingar har fått ny-testamente). Før utdelinga vil vi ha ein runde med skolebesøk for å presentere både ny-testamentet og kyrkja. I etterkant vil vi ha ein dag ilag med elevane med bibelarbeid, leik, mat og sosialt samvær. Dette har vi prøva tidlegare, og har lyst til å få til eit fast opplegg.
I aug-sep konfirmantpresentasjon, med utdeling av konfirmantbiblar.
I november utdeling av kyrkjebok til 4-åringane. Ein ettermiddag/ kveld før denne utdelinga vil vi ha ei samling med 4-åringar og foreldre i kyrkja. Vi vil ha omvisning i kyrkja, vise fram og lese litt frå boka, ete bollar og teikne. Dette trur vi vil skape ei forventning fram mot utdelinga på søndag.